Det starta med at Judith fekk ein idé

Judith Hegrenes
Utan Judith Hegrenes sine idear og pågangsmot ville Førde aldri hatt sin krimfest. Det var ho som fekk idéen, og som dei første åra var primus motor i heile arrangementet.Ho står framleis sentralt i arrangement, no som programansvarleg.
I 2006 var krimdagane i gang under namnet ”Heilt kriminelt – sunnfjordske krimdagar”. I ryggen hadde Judith mellom anna Reisemål Sunnfjord, lokale bokhandlarar, lokale forlag og Førde Hotell som ein viktig samarbeidspartner.
Som ein del av dei årlege krimdagane opna Judith og mannen sin flotte låve på Hegrenes Bruk til arrangement som trekte fulle hus. Men dei sunnfjordske krimdagane stod og fall på Judith sine idéar og stå-på-vilje. Slik kunne det ikkje halde fram i det uendelege. Så etter at det tredje arrangementet var i hamn i 2008, var det klart at det var nødvendig å formalisere arrangementet og gi det nokre ”eigarar”.
I januar 2009 var det klart for skipingsmøte. Namnet på arrangementet vart endra til Krimfest Sunnfjord, og konseptet vart utvida til å omfatte både krim og annan spenningslitteratur. Bak Krimfest Sunnfjord stod Førde Libris og Handelshuset Libris, Sogn og Fjordane Teater, Reisemål Sunnfjord, Selja Forlag og Førde kommune.
Leila Øvreseth, til dagleg informasjonsansvarleg ved Sogn og Fjordane Teater, vart vald til den første styreleiaren i Krimfest Sunnfjord. I styret hadde ho med seg bokhandlaren Liv Unni Kvamme og Judith Hegrenes. Anne Oline Gullaksen var sekretær for styret. Varamedlemmer var teatersjef Terje Lyngstad og krimforfattar Rune Timberlid.
Etter Krimfest Sunnfjord i 2010 tok eit nytt styre ta over ansvaret for arrangementet. Styreleiar vart Lidvin Osland, og han har med seg Grethe Øren og Georg Arnestad. Noko av det første det nye styret vedtok, var å endre namnet på arrangementet til KrimfestVest frå 2011. Dette vart gjort for å gi krimfesten eit breiare nedslagsfelt, mellom anna ved at ein del arrangement skal leggjast til andre stader i fylket enn Førde.

Arbeidsutvalet fotografert i 2009: Framme f.v: Reidun Støfring, Rune Timberlid. Midten: Leila Øvreseth, Linda Hovland og Anne Oline Gullaksen. Bak: Liv Unni Kvamme, Judith Hegrenes og Marie Dombestein.
Foto: Jonny Engebø.
Krimfesten går av stabelen om hausten, og er spreidd på fleire stader i Sunnfjordbyen. Førde Hotell er eit sentrum for arrangement på både kveldstid og dagtid. Elles blir bokhandlane og biblioteket teke i bruk, forutan fjøsen på Hegrenes Bruk – og Sogn og Fjordane Teater har også sett opp stykke i samband med krimdagane. Førde kino har også samordna repertoaret sitt under krimdagane.
Dei første åra vart det også arrangert Mord og Middag”der profesjonelle svenske skodespelarar involverte publikum som kombinerte krim og spenning med ein betre middag. Eit år var det også vandring til Stranda i Trodalen, der det i 1839 skjedde eit drap som det i Sunnfjord er knytt ein del myter og mystikk rundt. Det har også vore arrangert faglege seminar med tema som kunne knytast opp til krim og kriminalitet, mellom anna eit ambisiøst seminar om justismord.
KrimfestVest har etter kvart funne si form. Arrangementa er blitt litt færre, men blir til gjengjeld stadig betre besøkt. Det blir lagt vekt både på å få med både nasjonale og lokale forfattarar. Og KrimfestVest vil etter kvart også samle forfattarar frå andre nordiske land.

Det første styret i Krimfest Sunnfjord, frå venstre Leila Øvreseth (leiar), Judith Hegrenes og Liv Unni Kvamme. Dei tre blir avløyste av eit nytt styre hausten 2010. Foto: Jonny Engebø

Dette er dagens styrei KrimfestVest. Sitjande Grethe Øren og Georg Arnestad. Bak styreleiar Lidvin Osland.