28. september - 1. oktober 2011
 

Nordmenn elskar krim og spenning

Nordmenn elskar å lese krim og andre spenningsbøker. Det er litt av forklaringa på at det finst så mange gode norske kriminalforfattarar. Ifølgje Wikipedia er det registrert over 130 tidlegare og noverande norske kriminalforfattarar.

Kva er så krim? Den enklaste definisjonen på denne sjangeren er at boka handlar om eit brotsverk og oppklaringa av brotsverket. Det finst mange sjangrar innanfor krimsjangeren igjen. Den mest vanlege er politiromanen der ein polimann eller politikvinne er helten eller antihelten som oppklarer sakene. Mange av dei mest kjende norske kriminalforfattarane skriv politiromanar, mellom andre Jo Nesbø, Karin Fossum og Anne Holt - for å nemne nokre få.


Jo Nesbø brukar politimannen  Harry Hole som gjennomgangsfigur. Foto: Cato Lein.

Andre kjende norske forfattarar skriv i den såkalla detektivsjangeren, der ein privatdetektiv oppklarer sakene. Den mest kjende norske privatetterforskaren er nok Varg Veum som går igjen i Gunnar Staalesen sine bøker.

Thrilleren er også ein eigen krim-sjanger. Her er det ikkje nødvendigvis oppklaringa av eit brotsverk som går igjen. Ofte er gjerningsmannen kjend, så her er det meir snakk om at det gode ofte skal sigre over det vonde. Tom Egeland, som kjem til Krimfest Sunnfjord i 2009, er ein forfattar som skriv i denne sjangeren.


Tom Egeland har skapt arkeologen Bjørn Beltø som går igjen i bøkene hans. Foto: Jorid Mathiassen.

Det litterære krim-eventyret starta, ifølgje historikarane, med at Edgar Allen Poe i 1841 skreiv novella Mordene i Rue Morgue. Her i landet blir journalisten og forfattaren Sven Elvestad (1884 - 1934) rekna som den første store kriminalforfattaren.  Han skreiv ikkje mindre enn 98 bøker, mellom anna under psevdonymet Stein Riverton. Og namnet Riverton kjenner vi igjen i Rivertonklubben som i 1972 vart etablert for å fremje god norsk kriminallitteratur.

Rivertonklubben deler kvart år ut Rivertonprisen til forfattaren bak årets beste norske kriminalroman. Du kan lese lista over vinnarane her.

Sommaren 2009 kåra ein jury på 11 personar dei 25 beste norske kriminalromanane som er skrivne - så langt. Vinnar vart Karin Fossum med romanen Elskede Poona. Du kan lese heile resultatlista og eit intervju med vinnaren her.


Karin Fossum brukar politimannen Konrad Sejer i sine bøker.

 

Tilbodet på denne sida vil bli bygt ut etter kvart!

 



Kontakt oss