Her er Krimfestens nye styre

Krimfest Sunnfjords nye styre frå hausten 2010, framme frå venstre Grethe Øren og Georg Arnestad. Bak Lidvin Osland som er styrleiar. Dei starta arbeidet sitt i etterkant at Krimfest Sunnfjord 2010.
KrimfestVest ønskjer å profesjonalisere arbeidet med sine krimfestar. Difor vart det hausten 2010 valt eit nytt styre som skal ha det overordna ansvaret for program og økonomi for dei årvisse arrangementa der krim og spenningslitteratur står i sentrum.
Den tidlegare fylkeskultursjefen Lidvin Osland er leiar av det nye styret, og han har med seg rektor Grethe Øren og Georg Arnestad. Osland er i dag pensjonist, Øren er rektor ved Øyrane vidaregåande skule, medan Arnestad er kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Noko av det første det nye styre vedtok, var å endre namnet på Krimfest Sunnfjord til KrimfestVest. Årsaka var mellom anna at arrangøren i framtida ønskjer å leggje arrangement utanom Førde i samband med krimfestane som framleis skal ha Førde som base.
Rune Timberlid skal fungere som sekretær for styret, og skal vere bindeledd mellom styret og arbeidsutvalet som jobbar med program og økonomi.