28. september - 1. oktober 2011
 

Variert meny på Krimfest Vest 2011

Publikum har mykje å sjå fram til under KrimfestVest 2011. Årets krimfest blir i år arrangert frå 28.september til 1. oktober.

Her kan du opningskvelden møte den kritikarroste debutanten Jørgen Brekke som i år kom med krimromanen "Nådens omkrets". Kvelden etter, i Krimfjøsen i Angedalen, kan vi by på to andre debutantar som har hausta mykje lovord for boka "Evig skal døden vera". Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden er frå Lom, og har lagt handlinga i si første krimbok til heimbygda.

Også i år blir det Mord og middag på Førde Hotell. Her kan du kombinere teater med ein førsteklassen treretters middag, og tittelen på årets krimmysterium er dessutan lokalt: "Døden på Førde Hotell". Elles blir det tradisjonelt bokbad på laurdag, medan det som vanleg er tjuvstart på Pikant onsdagskvelden med krimquiz.

Opningskvelden på Førde Hotell kan du møte tre krimforfattarar. Knut Faldbakken har dei siste åra slege seg på krim, og er i år aktuell med romanen "Natthagen". I tillegg vil Jørgen Brekke fortelje om debutboka si - "Nådens omkrets" som alt er selt til ei rekkje land.

 

 

 

 

 

 

 

Du møter også vår lokale krimforfattar Rune Timberlid som er aktuell med "Sanct Svithuns gåte". Dette er sjette romanen om politibetjent Rolf Randen som denne gongen er send på eit oppdrag som endar dramatisk i Selje.

 

 

 

 

 

 

 

 


Rune Timberlid.  Foto: Jonny Engebø

Men det er også all grunn til å sikre seg billett i den populære Krimfjøsen i Angedalen om fredagskvelden. Der kan du møte dei to debutantane Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden som har hausta mykje god kritikk for si debutbok "Evig skal døden vera". Vigdis er til dagleg journalist i Gudbrandsdalen, medan veninna Ragnhild er bokhandlar i Oslo - men ho kjem frå Lom-traktene ho også. Handlinga er lagd til Lom, og det kan ventast fleire bøker med  bygdekrim på nynorsk frå Gudbrandsdalen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken er klar for krimfjøsen.

I fjøsen kan du også møte veteranen Jan Mehlum som i år er aktuell med sin tolvte bok om advokaten Svend Foyn. Årets bok har fått tittelen "Straffen". Jan Mehlum har lenge vore blant dei beste norske krimforfattarane, og har også fått Riverton-prisen.

 

 

 

 

 

 

 


Jan Mehlum.

Det blir også vakker song og musikk på opningskvelden - også det ein tradisjon.I år kjem ingen ringare enn Rita Eriksen trio.

Under bokkafeen på Førde Hotell laurdagen skal det handle om "Krig og kjærleik". Her kjem blant andre forfattaren Egil Ulateig  for å fortelje om boka "To levende og to døde" som kjem i ny utgjeving på Selja Forlag i haust. Forutan det mykje omtalte Brenning-mysteriet, blir det fokus på andre bøker som handlar om ting som skjer i kjølvatnet av krig. Blant bidragsytarane er Sverre Kruger, Bjarte Sindre som skriv romanar med handlinga lagd til vikingtida, Rune Timberlid og Ragnhild Kolden.

Egil Ulateig

I år skal KrimfestVest i samarbeid med den nye hovudsponsoren Sparebanken Vest ha fem bokbad rundt om i fylket. Det startar allereie 1. september i Selje, så står Florø for tur 15. september og Stryn 22. september. Sogndal får besøk 13. oktober, før det heile blir avslutta i Høyanger 10. november. Dei tre førstnemnde stadene kan publikum møte Bjarte Sindre og Rune Timberlid. I Sogndal stiller Timberlid saman med Jan Mehlum, medan i Høyanger stiller Gunnar Staalesen ilag med Rune Timberlid.

Populære Rita Eriksen og hennar trio har konsert opningskvelden på Førde Hotell.

 



Kontakt oss