28. september - 1. oktober 2011
 

Publikum har oppdaga Krimfest Sunnfjord for alvor

Det var veldig bra oppslutning frå publikum under Krimfest Sunnfjord 2009. Det var i praksis fullt hus på alle dei fire arrangementa som gjekk i Førde i dagane 24. til 26 september.

Spenningsforfattaren Tom Egeland var det store norske trekkplasteret under årets arrangement. Publikum møtte han opningskvelden på Førde Hotell torsdag kveld. Tom er aktuell med romanen Lucifers evangelium i år.

Men vi hadde også invitert den første utanlandske forfattaren til årets krimfest. Yrsa Sigurdardottir er ein av fleire gode islandske forfattarar, og ho har gitt ut tre bøker på norsk så langt. Det vart eit spennande møte med Yrsa - som vanleg i samtale med Anne Mette Hjelle. (Meir under fotoet)

Tom Egeland og Yrsa Sigurdardottir møtte fullsett sal under opninga av årets krimfest.

Det var også, som vanleg, trangt om plassen i under årets program i den såkalla krimfjøsen på Hegrenes Bruk i Angedalen fredagen. Her stod teamaet hekser i sentrum, og publikum møtte først forfattaren May Grethe Lerum som i si tid har drive mykje research på sterke og svake kvinner i samband med bokserien hennar Livets Døtre.

I fjøsen møtte også publikum Gunnar Staalsen som snakka om alle hekse-sogene som er knytt til eitt av Bergens byfjell - Lyderhorn. Han fortalde også om boka si Hekseringen som er ei novellesamling frå 1980-talet. (Artikkelen held fram under fotoet)

Stemningsfoto frå krimfjøsen - May Grethe Lerum fortel om sterke og svake kvinner. Foto: Jonny Engebø

Laurdag var det også trangt om plassen under den tradisjonelle i peisestova på Førde Hotell. Her kunne folk møte Førde sin eigen forfattar Olaug Nilssen. Interessant debatt om heksjakt i eldre tider og moderne heksejakt var det også fokus på - media som jaktar i flokk på einskildpersonar. Her deltok May Grethe Lerum, forutan historikaren Gaute Losnegård, Terje Gilleshammer som er leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag - og debattleiraren Olav Sigurd Gundersen som er prest i Gloppen. (Meir under fotoet)

Frå venstre: Gaute Losenegård, Terje Gilleshammer, Olav Sigurd Gundersen og May Grethe Lerum. Foto: Jonny Engebø

Laurdag kveld var heksemiddag på Førde Hotell. Her stod Helena Bremer og Reidun Støfring for underhaldninga med eit sjølvkomponert hekse-stykke som fekk gode tilbakemeldingar både frå publikum og frå media som melde arrangementet. (Meir under fotoet)

Helena Bremer (t.v.) og Reidun Støfring tek mot applausen. Foto: Jonny Engebø

Arrangementa under krimfesten blir løfta av musikkinnslag - gjerne med lokale musikarar. Under opningskonserten kunne vi by på populære Sigrid Moldestad og hennar orkester, forutan Kvitt magisk orkester leia av Ivar Orvedal.

I fjøsen fredag var det Lena Skjerdal og Kari Malmanger - begge busett i Sogn -som bidrog med mellom anna klangfull akustisk jazz. På bokkaféen stilte fleire distriktsmusikarar.

Fredag møtte også Tom Egeland skuleelvane i Angedalen ved den kjende Ruglesteinen i skogan ovanfor Ramstad. Elevane bidrog med song og deminstrasjon av lyden frå Ruglesteinen, før Tom forltade om sitt liv som forfattar. Elevane hadde mange spørsmål til forfattaren frå Oslo. Les meir om møtest i skogen på skulen si heimeside.

Det var vått då Tom Egeland møtte skuleelevane i skogen ved Ruglesteinen.



Kontakt oss