Gunnar sa ja til å vere gudfaren vår
Guunnar Staalesen har vore ein god støttespelar for Krimfest Sunnfjord heilt frå idéen om arrangmentet vart fødd. Som takk vart han under årets arrangement utnemnd til Krimfest Sunnfjords nye gudfar.
Utnemninga skjedde i ein fullsett krimfjøs på Hegrenes Bruk i Angedalen fredagen under årets Krimfest som gjekk frå 24. til 26. september. Naturleg nok var det Judtih Hegrenes, som har vore sentral heilt frå starten i Krimfest Sunnfjord, som stod for utnemninga. Som prov på det heile fekk Gunnar Staalesen eit trykk av Oddvar Torsheim (foto under).

Gunnar Staalesen fekk eit Torsheim-trykk overlevert av Judtih Hegrenes. Foto: Jonny Engebø
Gunnar Staalsen har vore deltakar på tre av dei fire krimfestane i Sunnfjord så langt. Også i år hadde han eit spennande bidrag i fjøsen i Angedalen. Heksar var tema for årets krimfest, og Bergen er på sett og vis hekseby nummer ein her i landet. Staalen fortalde om alle mytene som knyter seg til eitt av byfjella i Bergen, Lyderhorn, som skal vere samlingsplass for hekser. Staalesen snakka også om si eiga bok Hekseringen - som er ei samling av krimnoveller om Varg Veum.